Klart det kriblar litt i magen. Eg lurer jo på kven det er som skal driva bedrifta vidare…
– Monica Økland, eigar og dagleg leiar
Me er på kjøpesenteret HSD på Svortland på Bømlo. Her snakkar me med Monica Økland, eigar og dagleg leiar av Stoffbua AS.
Stoffbua vart etablert i 1977 av mellom anna Anne Karin Grønås – mor til Monica. Og den då 13 år gamle Monica var tidleg med i drifta som ekstrahjelp.
Etter å ha budd vekke i nokre år flytta ho og familien heim igjen. Ho har utvikla butikken frå å vera ein arbeidsplass for to-tre, til i dag å ha seks-sju faste tilsette og eit par ekstrahjelper.
Største hobbybutikk
– Så kva er Stoffbua i dag, Monica?
– Me er kanskje litt forsiktige med å skryta, men me er faktisk den største hobbybutikken mellom Bergen og Stavanger. 380 kvadratmeter med mange ulike typar kreativitet; garn, kunstmåling, symaskinar, stoff, teikning og mykje meir.
– Og samtidig er me ei produksjonsbedrift som leverer svært mange handlaga bunadar kvart år. Me har skreddarar og syarar tilsett og bunadskundane våre kan sjå korleis deira heilt eigen bunad vert til.
Ikkje pensjonist enno – men vert heller ikkje yngre
Monica har berre passert 60 år, og mor Anne Karin var yrkesaktiv til langt over 70. Monica er av typen som likar å planleggja, og å sikra gode overgangar.
– Har du tenkt å gje deg med det første Monica?
– Nei, me har bunadsbestillingar langt fram i tid. Ja, nokre er bestilt til 2030 og det er ingen fare for at eg gir meg heilt med det første.
No er eigaren ute og sjekkar interessa for at nokon vil overta bedrifta og føra den vidare.
– Ja, eg er ikkje pensjonist heilt enno, men samstundes vert eg ikkje yngre heller, så eg ønskjer å sikra god overlapping og kunnskapsoverføring. Eg gjer meg ikkje før eg veit at nestemann er klar til å overta.
– Men kva seier mor di?
– Tja, det er klart det kanskje er rart at firmaet går ut av familien si eiga, men me har ikkje nokon sjølv som ønskjer å driva vidare. Mine to søner har valgt andre yrkesvegar og det må dei få lov til. Det viktigaste for oss no er å finna ein ny eigar som er kreativ, brenn for norske handverkstradisjonar og har lyst til å driva eigen butikk.
– Og me er heilt samstemte i at det er mykje betre at bedrifta blir utvikla vidare av nokon med «drive» og tiltakslyst enn å avvikla når eg går av med pensjon.
FAKTABOKS
- Etablert i 1977
- Butikk og produksjonslokale på HSD-senteret på Svortland, Bømlo
- Største hobbybutikk mellom Bergen og Stavanger
- 7-8 tilsette
- Stabil personalsituasjon
- Eigen produksjon av bunadar frå bl.a. Sunnhordland og Hardanger
- Positive årsresultat siste 24 av 25 år
- Verksemda er no for sal
Dei beste kundemøta
– Å vera eigar og dagleg leiar gir ein heilt unik fridom, samtidig som det forpliktar. Å jobba i dette spennet har eg elska og dei mange, varierte kundemøta er det beste med heile jobben, seier Monica.
Særleg fine er dei augeblikka då konfirmantane tek på seg den nye bunaden, han eller ho ser seg i spegelen og det glitrar i augo over kor stolte dei er!
– Og det hender rett som det er at augo til foreldra og besteforeldra blir litt fuktige…, seier Monica.
Kreativ tradisjon og fornying
Det er veldig fint å få hjelpa kundane med deira prosjekt. For oss er det viktig å føra norske handverkstradisjonar vidare, slik som bunad, strikking, hekling og sying, men også å legga til rette for andre former for kreativitet.
Det varierer litt kva som har vore «in», men me har vore store på til dømes stoff til klær og quilting, scrapbooking og baking – og no er det strikking som er veldig populært.
Oppmodar til å ta kontakt
Å selja eit firma er litt annleis enn å selja nål og tråd – men viktigheita av resultatet er det same: At kjøparen er nøgd. Monica oppmodar alle som kan vera interesserte i å ta kontakt (telefon: 53 42 04 63 | monica@stoffbuabremnes.no).
I tillegg har Stoffbua også ute ledig stilling som skreddar/sykyndig medarbeidar.