Har drive butikk i 40 år – no er Stoffbua for sal

Har drive butikk i 40 år – no er Stoffbua for sal

Klart det kriblar litt i magen. Eg lurer jo på kven det er som skal driva bedrifta vidare… - Monica Økland, eigar og dagleg leiar Me er på kjøpesenteret HSD på Svortland på Bømlo. Her snakkar me med Monica Økland, eigar og dagleg leiar av Stoffbua AS. Stoffbua vart etablert i 1977 av mellom anna Anne Karin Grønås - mor til Monica. Og den då 13 år gamle ­Monica var tidleg med i drifta som ekstrahjelp. Etter å ha budd vekke i nokre år flytta ho og familien heim igjen. Ho har utvikla butikken frå å vera ein arbeidsplass for to-tre, til i dag å ha seks-sju faste tilsette og eit par ekstrahjelper. Største hobbybutikk - Så kva er Stoffbua i dag, Monica? - Me er kanskje litt forsiktige med…
Read More