Stoffbua på Bømlo – snart 50 år med kreativitet og handverk

I snart eit halvt århundre har Stoffbua vore ein heim for kreativitet – siste ti åra på HSD-kjøpesenteret. Det er ein plass der både erfarne og ferske handarbeidsentusiastar har funne det dei treng for å skapa, reparera og utforska. No ønskjer eigar og dagleg leiar Monica Økland å finna den rette personen som kan føra bedrifta vidare inn i neste kapittel.

Klart det kriblar litt i magen. Eg lurer jo på kven det er som skal driva bedrifta vidare…

– Monica Økland, eigar og dagleg leiar

Kundane bryr seg

Det har vore jobba ei tid med å finna ein ny eigar, utan at ein endeleg løysing er på plass. Samstundes er det heilt tydeleg at kundar og lokalmiljø bryr seg – meir enn Monica hadde sett for seg.

– Det har overraska meg kor sterkt engasjementet er. Kundane våre kjem med varme, ærlege tilbakemeldingar om at dei ønskjer at Stoffbua skal leva vidare, fortel ho.

Stoffbua er ikkje berre ein butikk. Det er ein institusjon, eit kreativt pusterom og ein møteplass. Her har generasjonar av strikkarar, kunstnarar, bunadskundar og hobbyinteresserte møtt eit personale som både veit kva dei driv med – og som bryr seg både om produkt og kundane.

Å finna den rette

No er ønsket enkelt og tydeleg: å finna den rette arvtakaren. Nokon som både ser verdien i tradisjon og er nysgjerrig på framtida.

– Det viktigaste for meg er at Stoffbua får halda fram som ein trygg, god og kreativ plass – for kundar, tilsette og nye generasjonar som kjem etter, seier Monica. Er du, eller nokon du kjenner, den rette personen for framtida til Stoffbua? Då vil gjerne Monica høyra frå deg. (telefon: 53 42 04 62 | monica@stoffbuabremnes.no).