Eit kreativt miljø i stadig utvikling

Det ligg mykje historie mellom hyllene i Stoffbua. I snart fem tiår har folk kome inn dørene våre for å finna inspirasjon, gode råd eller berre ei lita pause i kvardagen.

Eit smil på kjøpet

For mange er dette ein plass der idear får veksa til realitet. Her kan ein kan spørja om alt frå garnkvalitet til saumtips – og få eit smil med på kjøpet.

Samtidig har Stoffbua aldri stått stille. Verda rundt oss endrar seg, og det gjer hobbyverda òg. Det som var populært for ti år sidan, kan vera heilt gløymt i dag – men noko nytt har alltid vore på veg inn. Det er denne blandinga av tradisjon og nyskaping som gjer Stoffbua til det den er.

Kreativitet i mange former

For bak kvar trend, kvar aktivitet og kvar nye hylle er det eit ønske om å leggja til rette for kreativitet i alle former. Og det er kanskje derfor folk stadig kjem tilbake: fordi Stoffbua ikkje berre sel varer, men inspirerer kundane til å skapa noko med eigne hender og kreativitet.

No er Stoffbua for sal, og den som tek over stafettpinnen, får ikkje berre ein butikk. Her er eit levande miljø, eit rom for idear og ein trygg base for kreativ utfalding. Ta kontakt med Monica om dette høyrdes spennande ut! (telefon: 53 42 04 62 | monica@stoffbuabremnes.no).