
Kva er eigentleg Stoffbua? Sjølv om du har vore innom er det kanskje ikkje så lett å forstå (og kanskje me heller ikkje er flinke nok til å fortelja), kor mykje som skjer mellom veggane her.
400 m²
Butikken strekkjer seg over nesten 400 kvadratmeter – fylt med garn, stoff, kunst- og måleutstyr, symaskinar, teikning, hobbyartiklar og eit mangfald av kreative uttrykk. Her kan du finna både inspirasjon og ferdige produkt, her er spesialkunnskap og varme smil. Men i tillegg til det du ser i hyllene, så skjer det meir.
Kva er bak kulissane?
Bak kulissane ligg det mykje arbeid, konsentrasjon og fagkunnskap som ikkje alltid er synleg for dei som berre svippar innom. Her blir det klipt, målt, tilpassa, sydd, justert og raffinert – dag etter dag. Det er ei ro over verkstadsområdet, ein rytme i arbeidet, og eit sterkt fagleg fellesskap som er lett å kjenna når ein først får sjå inn.

Slik sett er Stoffbua noko meir enn ein hobbybutikk. Det er ein arbeidsplass for norsk tradisjonshandverk, ein møteplass for kundar, og ein stad der tradisjon blir skapt og vidareført i heilt konkret form. Bunadane som blir til her, får leve vidare i generasjonar – og tanken på det gir både glede og eit tydeleg ansvar.
Unik arbeidsplass
For oss som jobbar her, er det nettopp kombinasjonen av butikk, verkstad og menneske som gjer Stoffbua unik. Kvar dag byr på nye prosjekt, nye samtalar og nye augeblikk som gjer at me set pris på det me får vera ein del av.
Og me håpar – enten du er kunde, samarbeidspartnar eller berre nysgjerrig – at du kjenner litt av den same kjensla når du kjem inn døra. Og skulle du ønska å overta Stoffbua på sikt, så ønskjer Monica gjerne å høyra frå deg! (telefon: 53 42 04 62 | monica@stoffbuabremnes.no).
Klart det kriblar litt i magen. Eg lurer jo på kven det er som skal driva bedrifta vidare…
– Monica Økland, eigar og dagleg leiar