
Bunadar er ikkje som andre plagg. Dei er historie, identitet og kjensler i eitt og det same. Difor er bunadsproduksjonen ei av dei mest verdifulle delane av drifta hos Stoffbua – og noko Monica er oppteken av at skal behandlast med respekt og tryggleik.
– Me har bestillingar fleire år fram i tid. Nokre heilt fram mot 2033, og desse skal sjølvsagt bli tatt vare på – uansett kven som eig Stoffbua i framtida, seier ho tydeleg.
Butikken har eigne skreddarar og syarar som arbeider med bunadane, og kundane får ofte sjå prosessen frå råstoff til ferdig plagg. Det er noko av det som gjer bunadsreisa så spesiell.

Kvalitet, fagkunnskap og tradisjon står sterkt her. Ein ny eigar vil få grundig overlapping og opplæring – ikkje berre i sjølve bunadsarbeidet, men i heile kulturen rundt tenesta.
– Eg er ikkje ferdig enno, ler Monica. – Eg skal sørga for at kunnskapen blir ført vidare, og at den som kjem etter meg føler seg trygg i rolla.
For kundane betyr denne tryggleiken alt. Ei bunadsbestilling handlar ikkje berre om plagget, men om dei store anledningane i livet.
Ser du for deg at du kunne ha trivast som eigar av Stoffbua? Eller kanskje kjenner du nokon som kunne vore rett person? Monica håpar du tek kontakt (telefon: 53 42 04 62 | monica@stoffbuabremnes.no).