Auger som glitrar – dei viktigaste møta i Stoffbua

Det hender at nokon kjem innom for å kjøpa garn – og blir ståande i ein lang prat om fargar, prosjekt og inspirasjon. Andre kjem hit for å få hjelp til eit hobbyprosjekt dei har grunna på ei stund. Og nokre gonger kjem ein familie inn for å henta ein nydeleg bunad til ein konfirmant som ikkje heilt trur det dei ser i spegelen.

– Det er noko heilt spesielt med dei augneblikka, seier Monica. – Når konfirmanten tek på seg bunaden og plutseleg forstår kva dei er ein del av. Det glitrar i augo – og gjerne litt i augo til foreldra og besteforeldra også.

Bunadsbilde - gruppebilde

For Monica er desse møta sjølve hjartet i Stoffbua. Det er her gleda i det å eiga og driva bedrifta ligg.

Dette engasjementet ser ho også i kundane når dei høyrer at butikken er på jakt etter ein ny eigar. Mange kjem med varme ord, historier om tidlegare opplevingar og eit tydeleg håp om at butikken får leva vidare.

– Det betyr mykje. Det viser at Stoffbua er meir enn eit lokale på eit kjøpesenter. Det er ein del av kvardagen, ein stad folk set pris på.

Og nettopp derfor håpar ho at nokon der ute kjenner at dette kan bli deira livsprosjekt.
Nokon som har lyst til å skapa, ta vare på og utvikla – og som ser kor mykje eit miljø som dette kan bety.

Monica oppmodar alle som kjenner eit snev av interesse – eller som veit om nokon som kan vera rette personen – om å ta kontakt (telefon: 53 42 04 62 | monica@stoffbuabremnes.no).